Barbara Ann Cochran () er ein USA-amerikansk alpin skirennar frå Richmond i Vermont som vart olympisk meister i storslalåm i 1972.

Aktiv Barbara Cochran debuterte i verdscupen i alpine greiner på seinsesongen 1968. Etter fleire gode plasseringar etablerte ho seg i verdstoppen i storslalåm og slalåm frå sesongstarten i desember 1969. Gjennom 1970-sesongen vann ho eitt renn i verdscupen og stod på pallen åtte gongar. I VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina tok ho sølvmedaljen i slalåm, der franske Ingrid Lafforgue vann ein suveren siger.

Under Vinter-OL 1972 i Sapporo sikra Cochran seg gullmedaljen i slalåmrennet, to små hundredels sekund framom franske Danièle Debernard, dei to var i ein klasse for seg. To år seinare enda Cochran på sjetteplassen i storslalåm under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz. I den same meisterskapen vart syskena hennar; Marilyn Cochran, Bob Cochran og Lindy Cochran høvesvis nummer 8, 14 og 14 i sine beste VM-øvingar. Ved sesongslutt la Barbara Cochran bort konkurranseskia.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Barbara Cochran» frå , den 20. desember 2014.

Kategori:Alpinistar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972