Andreas Wenzel () er ein tidlegare alpin skirennar frå Planken i Liechtenstein som i 1980 vann verdscupen i alpine greiner og elles tok to OL-medaljar i storslalåm, samt tre VM-medaljar i to ulike øvingar i tida 1978-84. Også systrene hans, Hanni og Petra Wenzel, høyrde til verdseliten i alpin skiidrett i 1970- og 1980-åra.
Aktiv Vinteren 1978 vann Wenzel to storslalåmrenn i verdscupen i alpine greiner. Mellom dei to verdscupsigrane deltok han i VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen, der han fyrst tok sølvmedaljen i storslalåm bakom suverene Ingemar Stenmark og deretter vann kombinasjonsøvinga.
Wenzel vann ein ny sølvmedalje i storslalåm under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, endå ein gong vart svenske Stenmark for sterk. Også i kombinasjonen kom Wenzel på andreplass, men sidan den øvinga ikkje stod på OL-programmet men gjaldt som VM-øving, reiste han frå Lake Placid med både ein OL-sølv og ein VM-sølv. Med tre rennsigrar i verdscupen i tre ulike greiner vinteren 1980 og jamt gode plasseringar elles, gjekk han heilt til topps i verdscupen i alpine greiner 1980.
Etter nokre litt svakare sesongar kom Wenzel tilbake i OL-sesongen 1984 med fire sigrar i verdscupen. Under dei olympiske leikane 1984 i Sarajevo vann han bronsemedaljen i storslalåm.
Den 13. januar 1985 vann han kombinasjonen i Hahnenkamm-renna i Kitzbühel og tok sin 14. og siste siger i eit verdscuprenn. Seks av sigrane kom i kombinasjonsøvinga, fire i slalåm, to i storslalåm og ein i super-G. I alt stod han 47 gongar på pallen etter verdscuprenn.
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Denne artikkelen bygger på «Andreas Wenzel» frå , den 14. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Liechtensteinske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Liechtenstein Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Liechtenstein Kategori:Liechtensteinske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Liechtensteinske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Liechtensteinske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984 Kategori:Liechtensteinske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988