Limagarden er eit bygdemuseum på Ytre Lima i Gjesdal kommune i Rogaland. Garden har eksistert sidan 1600-talet og var i drift som eit tradisjonelt gardsbruk fram mot 1980. Dei siste eigarane testamenterte eigedomen til kommunen, og garden blir i dag driven som museum. Limagarden er ein del av Jærmuseet.
Garden var i bruk til opp mot 1980. Den siste bebuaren døydde i 1985, og hadde testamentert garden til kommunen under føresetnad om at han skulle bli bygdemuseum. Gjesdal Bondelag og Gjesdal bondekvinnelag stod sentralt i arbeidet med å omskapa garden frå privatbustad til museum. Innbuet er teke vare på. Kommunen selde noko av areala til bustadfelt og brukte inntektene til å setta i stand bygningane. Eit eige fond har langt på veg finansiert vernevøling. I 1989 blei gjenstandssamlinga frå Gjesdal bygdemuseum flytta til Limagarden.
Historie og drift Fram til 1858 låg bruket lenger aust i eit klyngjetun saman med dei andre gardsbruka på Ytre Lima, men dette året blei heimehuset og fôrløa flytta til den noverande staden.
Bygningane på garden
Heimehus – jærhus bBygd i 1848. Fôrløa – eit grindbygg bygd rundt 1800. Sauehuset – bygning i bindingsverk oppført i 1900. Nye løa med miljøloft – bygd i 1939/1948 i bindingsverk og mur, med miljøloft med toalett som tilbygg frå 1991. Eldhus og smie – begge i bindingsverk med ukjent byggjeår. Blekkhus – bindingsverksbygning av ukjent alder som blei riven i 2009 og gjenoppbygd i 2010.
Kjelder
Sjå Jæren 2010, årbok for Jærmuseet (Jærmuseet, Nærbø 2010)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Museum i Rogaland Kategori:Byggverk i Gjesdal Kategori:Kultur i Gjesdål