Vedøya, Veøy eller Vedøyo er ei øy i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Fram til 1995 høyrte ho til Fitjar kommune. Ho ligg med Stokksundet i aust, Aga i nord, Rubbestadneset og Osparøy i sør og Langøya, Tjuvholmen og sjølve øya Bømlo i vest.
Garden Garden er ikkje særskild gamal. Fram til 1756 høyrte Vedøya til Fitjargarden, då han vart utskild som eigen gard.
Vedøya hadde same eigarar som Aga fram til 1820. Etter 1856 var brukarane på øya sjølveigarar.
Namn Første delen av namnet kjem av «ved», som kan tyde på at det har vore skog på øya i gamal tid. Gjennom tidene har namnet blitt skrive Veøen, Wedøen, Vedøen. Namnet vert i dag skrive Vedøy eller Veøy, medan daglegnamnet er Veøyo.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet 4 18
Kjelder
Kategori:Gardar på Bømlo Kategori:Fitjarøyane Kategori:Øyar i Bømlo