mini|Hijaz i Saudi-Arabia. Hijaz eller Hedsjas er ein region vest i Saudi-Arabia mot Raudehavet frå Asir i sør til grensa mot Jordan i nord. Han er ca. 300 000 km² i flatevidd.

Provinsen omfattar det meste av den vestlege delen av Saudi-Arabia, og er kjend som «Vest-provinsen».Mackey, s. 101. "The Western Province, or the Hejaz[...]" Han har kyst mot Raudehavet i vest og grensar mot Jordan og Akababukta i nord. I aust ligg Najd og i sør ligg Sør-Arabia. Namnet på regionen er avleidd frå verbet ḥajaza (), frå den arabiske rota ḥ-j-z (), som tyder ‘å skilja’. Det viser til at regionen skil Tihamah i vest frå Najd i aust.

Byane Mekka, Medina, Jeddah, Tabuk, Yanbu, Taif og Al-Bahah ligg her. Den største byen er Jeddah, som er den nest største byen i Saudi-Arabia, medan Mekka og Medina er dei tredje og fjerde største byane i landet.

Ifølgje muslimsk overlevering var profeten Muhammed fødd i Mekka, som blir rekna for å ha blitt grunnlagd av forfedrane hans Abraham, Ismael og Hagar. I den arabiske verda var Hedsjas ein provins der islam voks fram på 600-talet, og blei del av ulike kalifat, fyrst Rashidunkalifatet, deretter Omajadekalifatet og til slutt Abbasidekalifatet. Han kom under det egyptiske Mamelukk-sultanatet etter at det Bagdad-baserte kalifatet fall i 1258. Etter omkring 1200 blei det indre styret teke hand om av emirane i Mekka. Frå 1517 kom området til å delvis ligga under Det osmanske riket.

Frå 1845 blei den osmanske overhøgvørde meir tilstades og meir avskydd, og i 1916 gjorde ein lokal leiar, Hussain I ibn Ali, opprør mot osmanarane. Han fekk stønad frå England og Lawrence av Arabia og tok tittelen konge av Hedsjas. Ibn Saud av Nedsjd erobra kongeriket i 1925 og skapte Kongeriket Hejaz og Nejd. (Pbk. ed.) I september 1932 gjekk dette riket saman med Al-Hasa og Qatif til det sameinte kongeriket Saudi-Arabia under kong Ibn Saud.A Brief overview of Hejaz - Hejaz history Al-Rasheed, M. A History of Saudi Arabia. Cambridge, England, UK: Cambridge University Press, 2002. Merknadar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Saudiarabisk geografi