Jíři Skobla () var ein kulestøytar frå Praha i Tsjekkoslovakia. Han vart europameister i øvinga i 1954. Skobla sin personlege rekord var på 18,52 meter.

Aktiv Skobla fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under dei olympiske leikane i Helsingfors i 1952, der han vart nummer ni med 15,92 meter. Den 11. oktober same året støytte han i Praha 17,12 meter og vart den fyrste europearen over 17-metersstreken. Fram til 1957 forbetra han europarekorden i kulestøyt ytterlegare fem gongar. Siste gongen, 24. august 1957, landa kula hans på 18,01 m under eit stemne i Praha, og han vart dermed også den fyrste europeiske 18-metersstøytar.

Til europameisterskapen 1954 i Bern var Skobla favoritt. Med 17,20 meter vann han kuletevlinga framom Oto Grigalka og Heino Heinaste, som begge representerte Sovjetunionen. Også under sommarleikane 1956 i Melbourne var Skobla beste europear. Han vann bronsemedaljen med 17,65 m, bakom USA-amerikanarane Parry O’Brien, 18,57 m, og Bill Nieder, 18,18 m.

Fire utøvarar støytte kula over 17 meter i europameisterskapen i Stockholm i 1958. Briten Arthur Rowe med 17,78 m vart ein noko overraskande vinnar, medan Viktor Lipsnis frå Sovjetunionen tok sølv med 17,47 m. Skobla fekk bronsemedaljen med sine 17,12 m. Etter sju år som europarekordhaldar mista Skobla europarekorden i 1959 til italienske Silvano Meconi.

Skobla vart niandemann under Sommar-OL 1960 i Roma. To år seinare vart han nummer seks med eit støyt på 17,87 m ved EM i friidrett 1962 i Beograd. Den 13. oktober 1963 presterte han sitt livs lengste støyt då kula landa på 18,52 m i Bucuresti.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsingfors: Nr 9 – 15,92 m EM 1954 i Bern: Gullmedalje – 17,20 m, framom Oto Grigalka (16,69 m) OL 1956 i Melbourne: Bronsemedalje – 17,65 m EM 1958 i Stockholm: Bronsemedalje – 17,12 m OL 1960 i Roma: Nr 9 – 17,39 m EM 1962 i Beograd: Nr 6 – 17,87 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jíři Skobla» frå , den 13. oktober 2014.

World Athletics

Kategori:Tsjekkoslovakiske friidrettsutøvarar Kategori:Tsjekkiske friidrettsutøvarar Kategori:Kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960