Afula (hebraisk skrift עֲפוּלָה) er ein by i Nord distrikt i Israel, ogte kalla «Hovudstaden i dalen», på grunn av den strategiske plasseringa i Jezreeldalen. Byen hadde 41 293 innbyggjarar på slutten av 2011. Afula ligg omtrent halvvegs mellom Jenin og Nasaret.

Etymologi Namnet «Afula» kjem frå namnet på den vesle arabiske landsby al-Fuleh, òg skrive al-Fulah, el-'Afuleh og Affule. Det kan ha opphav i den kanaanittisk-hebraiske rota ofel («festningstårn»).

Historie I 1226 nemnte den syriske geografen Yaqut al-Hamawi staden som «ein by i Jund Filastin», og tidlegare ei krossfararborg mellom Zir'in og Nasaret. Borga han nemnte er truleg La Fève, som høyrte til Tempelriddarane og som er kjend i samband med slaget ved Al-Fule i 1183. Ruinane av borga er funnen på ein ås der Merhavia kibbutz i dag ligg, kring 2 km aust for sentrum av Afula. Innafor sjølve byen Afula , på ein gammal haug eller tell kalla Tel 'Afula, ligg ruinane av ei anna borg frå krossfarar- og mamelukk-tida.

I 1799, under det syriske felttoget til Napoleon, vart slaget ved Tabor utkjempa kring al-Fulah. mini|venstre|Den store synagoga i Afula.

I 1909 eller 1910 fullførte Yehoshua Hankin det første store kjøpet i Jezreeldalen. Han kjøpte kring 10 km² med land i Al-Fuleh (no Afula), som vart heimstad til to moshav-busetnader, Merhavia og Tel Adashim. Afula vart grunnlagd i 1925 av American Zionist Commonwealth, etter at kjøpet av dalen var fullført av familien Sursuk frå Beirut. Kring 25 av dei rundt hundre arabiske familiane som budde i området, aksepterte kompensasjon for landområdet sitt, og reiste frivillig, medan resten vart kasta ut. På den tida tente samfunnet Jezreeldal-banen, ein del av den større Hejaz-banen. Sidan 1913 var han òg endestasjon for greina som knytte han til Jenin og seinare til Nablus. Sabotasjarav jødisk undergrunnsmilitsar i 1945, 1946 og kort tid før den arabisk-israelske krigen i 1948 råka først sambandet til Jenin, og sidan heile dalen. Reparasjonar på jernbanen i 1948 gjorde at toget kunne nå Haifa, men i 1949 vart banen nedlagt. Det har vore mange planar om å ta opp att linja, men først i 2016 er Haifa-Afula-Beit She'an-prosjektet truleg ferdig.

Sidan Afula ligg nær Vestbreidda, har han vore mål for palestinske politiske valdsepisodar. Den 6. april 1994 tok ein sjølvmordsbombar livet av fem menneske i sentrum av Afula. I eit økseåtak i Afula i november 1994 vart ein 19 år gammal kvinneleg soldat angripen og drepen av ein militant arabar med øks.Arab Kills Female Israeli Soldier With Ax - The Washington Post den 1. desember 1994 Afula var òg målet for eit sjølvmordsåtak på ein buss den 5. mars 2002, der ein person omkom og fleire andre vart skada på den sentrale busstasjonen i byen. Ein kvinneleg sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv på eit kjøpesenter i Afula den 19. mai 2003, der tre personar mista livet og 70 vart skada. Åtaket vart utført av den palestinske Islamsk Jihad og Fatah-rørsla i Al-Aqsa martyrbrigade.

Den 17. juli 2006, under Israel-Hizbollah-krigen, avfyrte Hizbollah Katyusha-rakettar mot Afula, et av dei sørlegaste rakettåtaka på Israel frå Libanon. Seks menneske vart behandla for sjokk som følgje av raketten. Den 28. juli skapte ein annan rakett brann i byen.Hizbollah missils with 100 kg warhead strike in the Jezreel Valley

Idrett Basketballaget i byen, Hapoel Afula spelar i dag i Liga Leumit. Den største fotballklubben i byen, Hapoel Afula, vann Liga Alef i 2012-13-sesongen.

Venskapsbyar mini|venstre|Afula vasstårn. By Land Ingelheim am Rhein Tyskland Osnabrück Tyskland Biłgoraj Polen Providence USA Worcester USA New Haven USA Stamford USA Fresno USA Santa Fe Argentina

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Afula» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Afula kommune

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1925 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Byar i Israel Kategori:1925 i Palestina Kategori:Byar i Det nordlege distriktet i Israel