Ora (hebraisk אוֹרָה) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg sørvest for Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde Ora 1 229 innbyggjarar.
Historie I 1953 donerte Percy Newman, ein britisk industrimann, pengar for å kjøpe 3 000 dekar med land i utkanten av Jerusalem.Remembering Percy Newman Jødiske emigrantar frå Jemen slo seg ned der og fekk landområde som var meint for fjørkredrift. Innbyggjarane budde i telt, utan innlagd vatn eller elektrisitet, før 1957. Før grunnlegginga av Kiryat HaYovel, var den næraste naboen Bayit Vegan, som ein kunne nå til fots eller med esel.Art galleries in chicken coops? No more Tilhøva var så vanskeleg at i 1954 var det berre 13 familiar att. Emigrantar frå Nord-Afrika slutta seg seinare til.
I 1990-åra, etter ei bølgje av russiske emigrantar til Israel, auka eggproduksjonen i moshaven frå 300 millionar til 500 millionar egg i året.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ora, Israel» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel