Har Kedumim (hebraisk הר הקפיצה arabisk جبل القفزة) er eit fjell i Nasaret, nær byen Nof HaGalil.
Mange meiner at det er staden der Jesus vart avvist, som skildra i Lukasevangeliet 4:29-30 - Folket i Nasaret, som ikkje aksepterer Jesus som Messias, prøver å presse han utfor fjellet, men «han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.»
Arkeologiske utgravingar i Qafzehgrotta i fjellet har funne spor av menneske, som er estimerte til å vere 100 000 år gamle. Menneskeskjelett vart funnen gravlagd i raud oker, som indikerer at gravene var symbolske. Før denne oppdaginga trudde forskarar at symbolsk resonnement utvikla seg mykje seinare, for kring 50 000 år sidan.
På 1900-talet låg det eit steinbrot i fjellet. Hovudveg 60 går gjennom ein tunnel i fjellet, der det gamle steinbrotet låg, og knyter Afula og Jezreeldalen til Nasaret.
Den 14. mai 2009 heldt pave Benedikt XVI ei messe på fjellet då han vitja Israel. 40 000 menneske deltok i messa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Precipice» frå , den 4. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kristendom i Israel Kategori:Fjell i Israel Kategori:Stader i det nye testamentet