Nahal Sorek (hebraisk נחל שורק), òg kalla Soreq, er ei av dei største elvane i Judeafjella. Ho er nemnt i Domarane 16:4 i Bibelen som grensa mellom filistrane og Dan-stamma av israelittane. Ho vert på arabisk kalla Wadi Surar.
Etymologi Midrash omtalar sorek som eit «fruktlaust tre» (ordet רק req tyder «tom» på hebraisk), og syner ei til ei moralsk soge og ein metafor som indikerer at forholdet til Samson med Dalila til slutt var fruktlaust.
Historie mini|venstre|Restane av Nahal Sorek jernbanestasjon. Bibelsoge Nahal Sorek var staden der Dalila budde, og Samson møtte henne her første gongen. Det var òg staden der ho lokka han til å fortelje ho løyndomen om styrken hans, og der han til slutt vart fanga av filistrane:
Moderne historie På 1800-talet tente Nahal Sorek som ein viktig vassveg mellom dei to store byane i området, Jaffa og Jerusalem. Fordi jernbanane på denne tida var avhengig av vatn, valde fleire landmålarar som planla den første jernbanen i Midtausten, Jaffa–Jerusalem-banen, å bruke Nahal Sorek som hovudruta for linja. Mange tunnelar vert i dag grave ut for å lage ein høgsnøggleiksbane til Jerusalem. Denne vil unngå Nahal Sorek og korte ned ruta. Den gamle jernbanen langs Nahal Sorek er òg oppgradert og vil vere i bruk sjølv etter høgsnøggleiksbanen har kome i bruk.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Nahal Sorek» frå , den 1. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Sjå òg Nahal Sorek regionale kommune Timnah Zorah
Kategori:Elvar i Bibelen Kategori:Elvar i Israel Kategori:Geografi i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Wadiar