Sultan Yacoub (Sultan Yakoub, Sultan Yaakov) er ein landsby i Libanon aust i Beqaadalen, kring sju kilometer frå grensa til Syria.
Historie
Slaget ved Sultan Yacoub under Libanonkrigen, skjedde den 12. juni 1982. Under slaget vart ein kolonne med pansra køyretøy frå Det israelske forsvaret (IDF) angripen i eit bakhald i eit smalt pass nær Beqaadalen av syrarar.The International Coalition for Missing israelske Soldiers. Jerusalem Post (2004). Atten IDF-soldatar døydde i slaget, som vart rekna som ein israelsk etterretningssvikt.«Syrian Tank-Hunters in Lebanon, 1982», Tom Cooper & Yaser al-Abed Tre IDF-soldatar vart aldri funne.
Etter den syriske evakueringa av Libanon i april 2005, var det framleis strid om suvereniteten over Sultan Yacoub.Heavily armed pro-Syrian Palestine sneaking illegally to Lebanon Sunday, 25. september, 2005. Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP) har ein base nær landsbyen og dusenvis av leiarar i PFLP er blitt tatt i å snike seg uloveleg inn i Beqaadalen til Sultan Yacoub.MEIB | NMidtausten Intelligence Bulletin.
I mai 2006 vart tre til åtte Katyusha-rakettar avfyrt til nordlege Israel frå Libanon. Det israelske forsvaret svarte med eit missil mot PFLP-basen i Sultan Yacoub.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sultan Yacoub» frå , den 22. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Vest-Beqaa distrikt