Mish Mish (arabisk مشمش, òg skrive Michmich ) er ein landsby i Akkar distrikt i Nord guvernement i Libanon. Mish Mish ligg 1100 meter over havet i fjellomrmåda i nord. Den næraste store byen er Tripoli 45 km i vest, medan den libanesiske hovudstaden Beirut ligg 129 km mot sørvest.
Innbyggjartalet er kring 18 000 innbyggjarar.
Historie Akkar distrikt vart først busett av fønikarane, men dei første busetjarane i Mish Mish var muslimar som bygde gjørmesteinshus kring ein moské. Eit par av desse første husa står framleis nær moskeen.
Klima Temperaturen varierer frå -10 ºC om vinteren til 35 °C om sommaren. Mish Mish får ein god del regn og snø om vinteren.
Jordbruk Sjølv om mishmish tyder aprikos, er det hovudsakleg eple og pære som vert dyrka her.
Kategori:Busetnader i Nord guvernement Kategori:Akkar distrikt