Hrodna (polsk og russisk Grodno) er ein by i det vestlege Belarus ved elva Nemunas med i kring 364 000 ibuarar (2025). Byen, som er hovudstad i Hrodnas voblast, er i folketal den femte største i landet.

Soge Grodno er ein gammal litauisk by, grunnlagd i 1127. Under den store nordiske krigen kringsette ein svensk hær byen i 1706. Den polske riksdagen skreiv i 1793 under vedtaket om Polens andre deling i byen, og Polens siste konge, Stanislaus August, la ned krona den 25. november 1795.

Under det russiske imperiet var Grodno hovudstad i guvernementet Grodno med 46 919 ibuarar i år 1897. Byen høyrde til det jødiske busetjingsområdet i Tsar-Russland, omkring halvparten bybuarane var jødiske.

Frå 1921 til 1939 høyrde byen til den andre polske republikken. Under den polsk-sovjetiske krigen i 1939 vart Hrodna innlemma i sovjetrepublikken Belarus. Frå slutten av juni 1941 til juli 1944 var byen okkupert av tyske hærstyrkar, i desse åra vart dei aller fleste jødane sende til dei tyske konsentrasjonsleirane. Periodane 1944-46 og 1955-59 vart ein majoritet av den polske folkesetnaden anten utvist eller flykta frå Hrdona.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grodno» frå , den 14. september 2014. Denne artikkelen bygger på «Hrdona» frå , den 14. september 2014.

Kategori:Byar i Belarus