Tatjana Providokhina () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Leningrad som tevla for Sovjetunionen på mellomdistansane. Ho vart europameister på 800 meter i 1978 og tok OL-bronse på same distansen i 1980.

Karriere Providokhina vann 800 meter i EM i friidrett 1978 i Praha, med uvanleg knapp margin. Ho fekk notert sluttida 1.55,80, medan landskvinnan Nadezjda Olizarenko fekk sølvmedaljen, notert til 1.55,82. I same meisterskapen på 4 x 400 meter stafett sprang dei to kvinnene kvar sin etappe for Sovjetunionen sitt sølvvinnande lag, som kom i mål vel ein sekund bak Aust-Tyskland.

Under OL 1980 i Moskva revansjerte Olizarenko seg på 800-meteren og vann ein klar siger framom landskvinnene Olga Minejeva og bronsevinnar Providokhina.

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tatyana Providokhina» frå , den 6. september 2014. World Athletics

Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980