Earth er det tredje soloalbumet til den greske musikaren Vangelis, gjeve ut i 1973. Albumet var det siste Vangelis spelte inn i Paris før han flytta til London.

Albumet var ein del av eit større konseptprosjekt som hadde arbeidsstittelen Charge. Det vart laga så mykje musikk til prosjektet at ikkje alt fekk plass på det endelege albumet. I 1974 vart to spor som var til overs etter innspelingane til Earth gjevne ut som singel på WWA label: «Who», skriven av Fitoussi og Dassin på A-sida med vokal av Dassin, og instrumentalen «Sad Face», av Vangelis sjølv, på B-sida. Andre songar som vart laga for albumet var «Friends», «The River», «Sunday in Central Park», «The Witches are Out» og «Passer By». Desse songane er ikkje gjevne ut sidan.Vangelis Movements

Stil Albumet er eit døme på progressiv rock frå tidleg i 1970-åra, men gjev òg glimt av New Age-musikk, som på «We were all uprooted». Tittelen på albumet syner til inspirasjonen frå eldgamal (førkristen) gresk og dorisk musikk. Richelle Dassin skreiv tekstane til albumet, som har eit andelege tema.

Utgjeving Somme kritikarar ser albumet som eit direkte framhald av det han laga for bandet Aphrodite's Child. Det var først på dei neste albuma til Vangelis at dei elektroniske instrumenta vart meir dominerande.

I motsetnad til Heaven and Hell (1975) og somme filmmusikkalbum frå perioden, vart ikkje Earth gjeve ut på CD i 1980-åra, og kom først på CD i 1996, og då berre i Hellas.

Innhald

Medverkande Vangelis spelar klaverinstrument (Hammond L100-orgel, Tornado harmonium, Selmer Clavioline), perkusjon og andre etniske instrument (fløyte, tabla) og syng korvokal. Dei fleste syntetiske, organiske lydane på albumet kjem frå Hammond L100-orgelet hans, gjennom ein Binson Echorec og somme andre effektar. Anargyros Koulouris: gitar, korvokal, lutt Robert Fitoussi: bass, vokal på spor 1, 4, 6 og 8. Warren Shapovitch: stemme på «We Were All Uprooted» og «A Song».

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Earth (Vangelis album)» frå , den 4. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekstar 'Vangelis Movements' 'Elsewhere'

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Vangelis-album Kategori:Vertigo Records-album