Lars Tokstad Sem Platou () var ein norsk gardbrukar, sivilingeniør og politikar, fødd i Stavanger. Han var stortingsrepresentant for Høgre frå Hedmark frå 1965 til 1977.

Platou var son til ein gardbrukar og sivilingeniør, og gjekk sjølv same livsvegen. Han vart student i 1939 og tok eksamen ved elektrolinja ved NTH i 1946. Frå 1941 til 1982 dreiv han garden Tokstad i Veldre. Samstundes var han tilsett ved Elektrobygg A/S på Hamar i tida 1948-75, og dreiv eige konsulentfirma i elektroteknikk fram til 1985.

Han engasjerte seg tidleg partipolitisk for Høgre. I 1965 fekk han stortingsplass for Høgre etter eit godt stortingsval for partiet. Han var medlem av kommunalkomiteen i den fyrste fireårsbolken, medan han i den andre valperioden var formann i finanskomiteen. I den siste fireårsperioden tok Arbeidarpartiet formannposisjonen i same komiteen, og Platou var nestformann. Platou var andre viseformann i Høgre perioden 1970-72 og første viseformann i 1972–78.

Kjelder Stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Ringsaker