Bourj Hammoud eller Burj Hammud (arabisk برج حموﺪ, armensk Պուրճ Համուտ) er ein forstad nordaust i Beirut i Libanon i Matn distrikt og er ein del av Stor-Beirut. Forstaden er busette av mange armenarar. Bourj Hammoud er eit industriormåde og eit av dei tettast folkesette distrikta i Midtausten.

Historie Bourj Hammoud vart grunnlagd av overlevande det armenske folkemordet i 1915 og voks hovudsakleg i 1930-åra. Då dei sjuke og utmatta armenarane som hadde overlevd daudemarsjane i Deir ez-Zor (Syria) nådde Beirut etter Det osmanske riket kollapsa, fekk dei løyve til å bygge skur på austbreidda av Beirutelva som på den tida var eit myrlendt område.http://almashriq.hiof.no/lebanon/900/930/930.1/beirut/reconstruction/davie/Davie-text.html Dei fekk så løyve til å reise hus og bygningar som framleis står i dag. I 1952 vart Bourj Hammoud ein sjølvstendig kommune og er i dag ein del av Nord-Metn.

Bourj Hammoud og kommunen vart grunnlagd av den armensk-katolske presten Paul Ariss, som la grunnlaget for den livlege byen og senteret for det armenske samfunnet i Libanon. Han var i lang tid ordførar i kommunen. Hovudgata i Bourj Hammoud er kalla opp etter han.

I den tidlege tida var det to rivaliserande armenske politiske parti i byen, den armenske revolusjonsføderasjonen og Det sosialdemokratiske Hunchaki-partiet, som kjempa om kontroll i den nyoppretta slummen. Dette førte til forskjellige kranglar og attentat i det armenske miljøet i Libanon. Det heile toppa seg under Libanonkrisa i 1958, då dei to paria og støttespelarane deira vart poliserte på grunn av ein religiøs strid over kva katolikos som skulle leie Den armenske apostoliske kyrkja. Forholdet mellom dei to partane betra seg utover i 60- og 70-åra.

Borgarkrig Den libanesiske borgarkrigen truga det armenske samfunnet i Beirut. Armenarar følte dei måtte halde saman i denne urolege tida, og samla seg i Bourj Hammoud. Mange armenarar tok til våpen for å forsvare byen mot motstandardane, men dei armenske politiske partia prøvde å halde seg nøytrale så best dei kunne. På grunn av dette utøvde maronittiske militsgrupper sterkt press mot armenarane og gjekk til og med til angrep på eit kvarter i Bourj Hammoud.

Israel-Libanon-konflikten i 2006 Under Israel-Libanon-konflikten i 2006 tok kyrkjene og skulane i Bourj Hammoud i mot flyktningar, og gav dei mat og ly. Etter konflikten føreslo Tyrkia å sende somme av soldatane sine til Libanon som ein del av UNIFIL. Dei fleste armenarane var sterkt i mot dette. Dei heldt demonstrasjonar mot dei tyrkiske styrkane i Bourj Hammoud.

Geografi Bourj Hammoud ligg like utafor hovudvegen og er omgjeve av Dora, Karantina, Sin el Fil og Achrafieh.

Dei fleste bustadområda og husa i Bourj Hammoud vart bygde frå 1930-åra til 1970-åra. Dei er som regel to til fire etasjar høge.

Kjende folk frå Bourj Hammoud Hassan Nasrallah – leiar for Hizbollah Pierre Chammassian – komikar

Sjå òg armenarar i Libanon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bourj Hammoud» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Bilete av Bourj Hammoud

Kategori:Armenske samfunn Kategori:Bydelar i Beirut Kategori:Matn distrikt