mini|Fana Folkehøgskule frå gardsplassen
Fana Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule i Hjellestad bydel i Bergen kommune. Skulen tar årleg imot vel 100 elevar og er eigd av Nord- og Midhordland Høgskulelag. Skulen vart etablert i 1915 og er bygd opp rundt garden Store Milde frå 1700-talet.
Linjefag på Fana Folkehøgskule skuleåret 2013-14 Biletkunst Fotografi og film Psykologi Drama og fysisk teater Musikk Community - kultur og bistand
I tillegg til linjefaga er det ei rekke temafag og valfag. Elevane kan velje nye tema- og valfag 3 gonger i året. Alle linjene drar på minst ein studietur til utlandet.
Den norske forfattaren Jostein Gaarder arbeidde på denne skulen som lærar i fleire år.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Skular i Fana Kategori:Folkehøgskular i Vestland Kategori:Skipingar i 1915