Sellaitt er eit relativt sjeldant, fargelaust til kvitt mineral som består av magnesiumfluorid, MgF2. Det krystalliserer tetragonalt med same struktur som rutil, TiO2.
Det vart først skildra i 1868 og kalla opp etter den italienske gruveingeniøren og mineralogen Quintino Sella (1827–1884). Typelokalitet er Gébroulazbreen i Val Thorens i Savoie i Rhône-Alpes i Frankrike.
Det finst i særs små mengder på druserom i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo.
Kjelder Sellaitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sellaitt.
kategori:Halidmineral kategori:Tetragonale mineral Kategori:Magnesiummineral