Pseudobrookitt er eit raudbrunt til svart, rombisk mineral, som finst særleg på holrom i lavabergartar. Det består av jarn-titanoksid, Fe2TiO5. Mineralet er kjent i relativt store krystall frå Havredal i Bamble, men er her omdanna til ei blanding av hematitt og rutil.

Pseudobrookitt vart først skildra i 1878 etter ein førekomst i Uroi Hill (Arany Hill) i Simeria i Hunedoara fylke i Romania. Namnet kjem frå greske ψευδής, for falsk og brookitt på grunn av likskapen til brookitt.

Kjelder Pseudobrookitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pseudobrookitt.

kategori:Oksydmineral kategori:Ortorombiske mineral Kategori:Jernmineral Kategori:Titanmineral