Perovskitt er eit relativt sjeldan mineral på jordoverflata. Farge gul, brun eller svart. Det krystalliserer rombisk (pseudokubisk) og er eit kalsiumtitanoksid med formel CaTiO3. Det er funne i syenittpegmatitt ved Langesundsfjorden og i Nordland.
Perovskitt vart først skildra i 1839 frå ein førekomst Atsjmatovsk-gruva i Nazyamskijefjella i Tsjeljabinsk oblast i Uralfjella i Russland. Mineralet vart namngjeve av Gustav Rose etter den russiske mineralogen Lev Perovski (1792–1856).Perovskite. Mindat
Liknande mineral
Dysanalytt er ein niobhaldig varietet, medan loparitt inneheld lantanoider og natrium i staden for kalsium (kjent frå syenittpegmatitt i Lågendalen ved Larvik).
Magnesiumsilikat med formel MgSiO3er kjent i naturen som pyroksenmineralet enstatitt . Ved høge trykk vil denne og òg olivingruppas samansetjing (Mg,Fe)Si2O4kunne opptre med perovskittstruktur, og ein slik fase blir anteke å vere utbreidd i Mantelen til jorda i eit djup frå 660 KM og nedover. Perovskitt antakast å dominere gjennom Jorda si indre mantel heilt ned til eit par hundre kilometer over grensa mot jordkjernen og oppfattast i dag som jordklodens mest utbreidde mineral.
Kjelder Perovskitt. (2012, 13. mars). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/perovskitt.
kategori:Kalsiummineral kategori:Titanmineral kategori:Oksydmineral kategori:Ortorombiske mineral