Klinozoisitt er eit forholdsvis vanleg bergartsdannande mineral i einskilde metamorfe bergartar. Det utgjer den jernfattige delen av blandingsserien klinozoisitt–epidot, men er ikkje så alminneleg utbreidd som den jernrike epidoten.
Det vart originalskildra i 1896 i Tirol i Austerrike, og fekk namnet fordi det likna på zoisitt.
Kjelder Klinozoisitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
kategori:Epidotgruppa kategori:Kalsiummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Monokline mineral