Fergusonitt-(y) er eit brunleg til svart mineral som finst på ei rekkje granittpegmatittgangar i Noreg (til dømes Evje og Tysfjord). Det inneheld yttrium, niob, tantal og lantanoid, vesentleg svarande til formelen YNbO4. Mineralet krystalliserer tetragonalt, men finst i naturen oftast i metamikt tilstand. Ein titanhaldig varietet har vore kalla risøritt.

Det er kalla opp etter den skotske legen R. Ferguson, 1799–1865.

Kjelder Fergusonitt (Y). (2012, 8. november). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/fergusonitt-%28Y%29.

Bakgrunnsstoff

kategori:Lantanidmineral kategori:Yttriummineral kategori:Tantalmineral kategori:Niobmineral kategori:Oksydmineral kategori:Tetragonale mineral