New York Stock Exchange (NYSE) er verdas største aksjemarknad (i samla børsverdi) og ligg på Manhattan i New York, ved Wall Street og Broad Street.

Historie Børsen blei grunnlagd under eit platantre i 1792, med avtalen Buttonwood Agreement. Etter fleire midlertidige opphaldsstader flytta børsen i 1903 inn i den klassisistiske børsbygningen teikna av George Post ved Wall Street. Då starta tradisjonen med å opna og lukka børsen ved å ringa ei klokke klokka 09.00 og klokka 16.00. Det å få ringa med klokka er rekna som ei ære.

I 1929 fann børskrakket som innleidde depresjonstida stad her.

mini|venstre|Eit handelsområd i New York-børsen i 2009. mini|Teikning av New York-børsen. miniatyr|New York-børsen i 2008.

Børsen har lange tradisjonar for handel som finn stad ansikt til ansikt, men gjekk gradvis over til elektronisk handel og enda i 2009 tradisjonen kjend som «public outcry». 2000-talet markerte også ein overgang frå ein sjølvstendig brukareigd børs til eit aksjeselskap. I 2006 fusjonerte New York-børsen med børsteknologiselskapet Archipelago Holding og byrja sal av eigne aksjer under kortforma NYX. I 2007 fusjonerte selskapet med den europeiske børsgruppa Euronext til NYSE Euronext. Denne gruppa kjøpte i 2008 aksjebørsen American Stock Exchange (AMEX), som fekk det nye namnet NYSE MKT. I 2011 planla selskapet ein fusjon med den tyske børsgruppa Deutsche Börse, men blei blokkert av EU-kommisjonen fordi det kunne føra til eit monopol. I 2013 blei NYSE Euronext kjøpt opp av IntercontinentalExchange frå Atlanta i Georgia.

Børsindeksar som Dow Jones-indeksen og S&P 500 byggjer i stor grad på obligasjonar og aksjar frå New York-børsen.

Børsbygningen blei rekna som eit «National Historic Landmark» i USA frå 1978.

Sjå òg NASDAQ

Kjelder

Intercontinental Exchange - About Us , intercontinentalexchange.com «The end of the street», The Economist (Nov 16th 2013) «New York Stock Exchange» , National Historic Landmaks Program, nps.gov

Denne artikkelen bygger på «NYSE Euronext» frå , den 20. juli 2014. oppgav desse kjeldene: The merger between NYSE and Archipelago Holdings

NYSE Euronext Press Release

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byggverk i New York City Kategori:Selskap notert på børsen i New York Kategori:Børsar Kategori:Manhattan Kategori:Wall Street Kategori:National Historic Landmark i New York