Skjersholmane-Valevåg var eit tidlegare ferjesamband i Sunnhordland mellom Skjersholmane på Stord og Valevåg i Sveio kommune. Sambandet vart oppretta i 1983, då kaien på Skjersholmane stod ferdig, og eksisterte fram til Trekantsambandet opna i 2001. Sambandet var då ein del av E39.

Sambandet tok over for Leirvik-Valevåg-Mosterhamn i 1983, samstundes med at Valevåg-Mosterhamn vart oppretta.

I 2007 gjekk det gratisferjer på strekningen i tre veker pga vedlikehaldsarbeid i Bømlafjordtunnelen.haugalandet.net Valevåg ferjekai gjenåpnet – for 3 uker Sambandet vart då betjent av dei tre ferjene MF «Bjørnefjord» (140 Pbe), MF «Masfjord» (140 Pbe) Og MF «Sunnhordland» (104 Pbe). Ferjene gjekk to ganger i timen om føremiddagen og tre ganger i timen på ettermiddagene, då den siste ferjen vart sett inn. Sjølv med tre ferjer var det til tider lange køar på grunn av stor trafikk.Haugesunds Avis – Tvillingfødende i ferjekøen

Ferjer MF «Kvam»: 1984 og mai 1985 - april 1986 MF «Austevoll»: - 1987 MF «Hordaland»: 1987 - 1988; 1995 - 2000 som B-ferje MF «Etne»: 1988 - 1995 MF «Bjørnefjord»: 1995 - 2000

Kjelder Ferjesamband i Hordaland på fjordfähren.de

Kategori:Skipingar i 1983 Kategori:Nedleggingar i 2001 Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:HSD-samband Kategori:Samferdsle i Sveio Kategori:Samferdsle i Stord