Brucitt er eit kvitt eller svakt farga mineral med perlemorglans. Det er bløytt (hardleik 2,5) og opptrer i bladige eller fibrige massar i serpentin eller i dolomittiske bergartar. Brucitt er eit magnesiumhydroksid Mg(OH)2 med trigonal symmetri.
Det er kalla opp etter den amerikanske mineralogen A. Bruce (1777–1818).
I dolomitt i Vefsn vart det i 1978 oppdaga ein omfattande brucitt-mineralisering som moglegvis kan få økonomisk tyding.
Kjelder Brucitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/brucitt.
kategori:Magnesiummineral kategori:Hydroksidmineral kategori:Sement kategori:Betong kategori:Trigonale mineral