Halitt eller steinsalt er eit mineral som består av natriumklorid (NaCl). Mineralet krystalliserer oftast i terningar og er fargelaust eller kvitt.

Halitt er vanlegast i store leier som vart danna ved fordamping av avsnørte havbukter, som i ettertid vart dekte av sediment. Slike saltleier finst i bergartar av alle geologiske system, særleg perm, og varierer i tjuknad frå centimeter til kilometer. Saltet blir vunne ut av gruver eller brot i fjell.

Halitt er vanleg saman med gips, anhydritt, sylvin, kieseritt, carnallitt og fleire andre løyselege salt. Då halitt er lettare enn den omgjevande bergarten, vil saltsedimenta ha ein tendens til å flytte seg oppover i lagrekka og danne saltstokkar eller diapirar, ofte fleire kilometer i diameter. Petroleumsfeller har ofte ein «hatt» av halitt og svovel.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Natriummineral kategori:Halidmineral kategori:Kubiske mineral kategori:Matsalt kategori:Evaporitt