Aaiha (eller Aiha) er ein landsby, slette, innsjø og mellombels våtmarksområde i Rashaya distrikt og sør for Beqaa guvernement i Libanon.Discover Lebanon - Map of Aaiha Området ligg mellom fjella nær Hermon og grensa til Syria, kring halvvegs mellom Rashaya og Kfar Qouq.

Landsbyen ligg kring 1130 moh og den vesle folkesetnaden er hovudsakleg drusarar. Vill kveite veks i dette området, som òg vert nytta til beite for geiter. Det ligg ei grav i nærleiken av ein muslimsk helgen og romerske ruinar som ein trur har vore eit tempel eller ei festning som no er totalt øydelagdMunir Said Mhanna (Photos by Kamal el Sahili), Rashaya el Wadi Tourist Brochure, s. 10, Libanon Ministry of Tourism, Beirut, 2006

Landsbyen ligg like ved Aaihasletta, ein periodevis innsjø, som på det største måler 3,5 km i diameter og er omgjeve av fjell og ein rygg i vest.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aaiha» frå , den 14. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff 3D Google Earth map of Aaiha on www.gmap3d.com Aaiha on www.geographic.org

Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Busetnader i Beqaa guvernement Kategori:Våtmarksområde i Libanon Kategori:Innsjøar i Libanon