Studio Tan er eit studioalbum av Frank Zappa, først gjeve ut i september 1978 på hans eige DiscReet Records. Det nådde 147. album på Billboard 200.

Bakgrunn Tidleg i 1976 enda forholdet til Zappa med manager og forretningspartner Herb Cohen i ein rettstvist. Selskapet til Zappa og Cohen, DiscReet Records, vart distribuert av Warner Bros. Records. Då Zappa bad om å få kome overføre kontrakten sin frå DiscReet til Warner for å gjere spesielle prosjekt utan at Cohen var involvert, gjekk Warner først med på dette. Dette førte til utgjevinga av Zoot Allures i 1976 på Warner. Tidleg i 1977 leverte Zappa masterlydbanda til eit firedobbelt album kalla Läther.http://books.google.com/books?id=wAcEAAAAMBAJ&pg=PA15&dq=zappa+lather&hl=en&sa=X&ei=0dggT8uvO6bMsQLxlsDDCQ&ved=0CDwQ6AEwAA#v=onepage&q=zappa%20lather&f=false Men Warner endra stillinga si etter søksmål frå Cohen, og nekta å gje ut albumet, og hevd at Zappa i følgje kontrakten var nøydd til å gje ut fire album til for Warner på slekspaet DiscReet.Gail Zappa sin omtalte av Läther

Etter Warner Bros. gav ut Zappa In New York, fortalte dei han at han framleis skulda dei fire album til. Han prøvde å få til ein distribusjonsavtale med Phonogram om å gje ut Läther på det nye selskapet Zappa Records. Dette førte til at Warner truga med søksmål, og hindra utgjevinga av Läther og tvang Zappa til å skrinlegge prosjektet. Sidan Zappa berre hadde levert lydbanda, vart tre individuelle album gjeve ut utan musikalske tilskrivingar.FZ vs. Warner Brs. Story or Lather/Laether/Leather, Zappa in New York, Arf.ru Warner fekk òg Gary Panter til å laga omslag, som ikkje var godkjend av Zappa. Då albumet først kom ut på CD i 1991 valde Zappa å gje dei ut som individuelle album, med Panter sine omslag. Songane på Studio Tan vart gjeven ut i andre versjonar då Läther omsider kom ut i 1996.

Innhald

Dei fire spora var opphavleg meint for det skrinlagde albumet Läther.

Eit utdrag av ein uutgjeven alternativ versjon av «Revised Music for Guitar and Low-Budget Orchestra» finst på samlealbum The Guitar World According to Frank Zappa frå 1987, med nye trommespor av Chad Wackerman.

Innhald

Medverkande Frank Zappa – gitar, vokal, perkusjon George Duke – klaverinstrument John Berkman – piano Tom Fowler – bassgitar Terry Bozzio – trommer Davey Moire – vokal Eddie Jobson – klaverinstrument, yodeling Max Bennett – bassgitar Paul Humphrey – trommer Don Brewer – bongos James «Bird Legs» Youmans – bassgitar Ruth Underwood – perkusjon, synthesizer Michael Zearott – dirigent Pamela Goldsmith – bratsj Murray Adler – fiolin Sheldon Sanov – fiolin Jerry Kessler – cello Edward Meares – kontrabass Bruce Fowler – trombone Don Waldrop – trombone Jock Ellis – trombone Dana Hughes – basstrombone Earle Dumler – obo JoAnn Caldwell McNab – fagott Mike Altschul – fløyte Graham Young – trompet Jay Daversa – trompet Malcolm McNab – trompet Ray Reed – fløyte Victor Morosco – saksofon John Rotella – treblåseinstrument Alan Estes – perkusjon Emil Richards – perkusjon

Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1978Pop Album147

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Studio Tan» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:DiscReet Records-album