Al-Safsafah (arabisk الصفصافة) er ein by nordvest i Syria i Tartus guvernement, søraust for Tartus og 13 kilometer nord for grensa til Libanon. Av stader i nærleiken finn ein Ayn al-Zibdeh og Kafr Fo i søraust, al-Tulay'i i aust, Buwaydet al-Suwayqat i nordaust, Beit al-Shaykh Yunes i nord, Ayn al-Zarqa i nordvest og al-Hamidiyah i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Safsafah eit folketal på 6 011 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Safsafah nahiyah («underdistrikt») som består av 19 stader med eit samla folketal på 23 416 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement. Innbyggjarar er hovudsakleg alawittar.

Historie Ein av dei viktigaste familiane i byen er Abbas. Dei tente tidlegare som aghawat («lokale militære leiarar») i Det osmanske riket.

Al-Safsafah nahiyah vart skapt ut frå Safita-distriktet og overført til Tartus-distriktet i 1970. Under regjeringstida til president Hafez al-Assad (1970-2000), konkurrerte al-Safsafah og kystsenteret al-Hamidiyah om å verte senteret i eit nytt, planlagt mantiqah («distrikt») som består av Akkar-sletta i Syria. Den første tilrådinga frå miljødepartementet, med støtte av ei utviklingsgruppe frå Dei sameinte nasjonane, var al-Hamidiyah. Byen var større, betre utrusta for sivile tenester og hadde blitt utpeikt som den tredje internasjonale hamnebyen i Syria. Men dette var ein stort sett sunnimuslimsk by og hadde lite politisk tyngde, og det var dermed lite truleg at sentrale styresmakter kom til å velje denne byen. Al-Safsafah var mindre og hadde dårlegare infrastruktur, men hadde betre band til regjeringa. Sjølv om et ikkje vart skapt noko nytt distrikt, opna Den syriske jordbruksbanken ei avdelinga i al-Safsafah i 1994, noko som normalt berre skjed i distriktshovudstadane.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Safsafah» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Tartus-distriktet Kategori:Byar i Syria