mini|Al Khazneh i Petra. Nabatearane var i oldtida eit nordarabisk folk som danna eit kongerike i området austom Palestina. Dette riket vart danna på 300-talet fvt. og hadde byen Petra som hovudstad.

Ein trur at nabatearane tilhøyrde eit arabisk folk som hadde innvandra sørfrå i første hundreåret fvt. Landområdet deira kom til å omfatte stadar som tidlegare hadde tilhøyrt edomittane. Nabatearane dreiv karavanehandel mellom middelhavslanda og Saba i Sør-Arabia. Dei var dugelege handelsfolk og handla med myrra, krydder, silke frå India, elfenbein frå Afrika og med dyr. Riket deira vart etterkvart ganske viktig og kom til å omfatte delar av Libanon og Syria, men med tida kom det under innverknad av Romarriket.

Nabatearane bygde fleire byar i Negev. Dei gjorde seg òg notert for vatningsanlegga sine og kanalar som leidde vatn til store cisterner. Dei framstelte mykje kunst, som viser påverknad frå grekarane.

Aretas I var ein nabateisk konge som levde samstundes med Aleksander den store. Fleire av dei etterfølgjande kongane gjorde seg notert. Seinare kom kongane til å vere forplikta overfor romarane.

Kong Aretas IV hadde ei dotter som var gift med Herodes Antipas. Då Herodes Antipas skilde seg frå henne, førte det til krig.Josefus, Historia til jødane 18:109-118 Apostelen Paulus oppheldt seg ei tid i riket til nabatearane, truleg i nærare tre år.Paulus brev til galatarne 1:17-18 Kong Aretas IV ynskte å fengsle han, men Paulus slapp unna ved å verte fira ned frå bymuren i ei korg.2. Korintarbrevet 11:32-33Apostelgjerningane 9:23-25

Det er funne fleire tusen nabateiske innskrifter, ikkje berre i deira eige område, men òg på Sinaihalvøya, i Egypt, Hellas og Italia. Dei hadde eit eige skriftspråk som med tida utvikla seg til det arabiske alfabetet.

Ruinane av Petra med fleire bygningar hogd ut i fjellet er i dag ein stor turistattraksjon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nabateere» frå , den 4. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Oldtidsfolk i Det nære austen Kategori:Arabarar Kategori:Saudiarabisk historie Kategori:Palestinsk historie Kategori:Jordan i antikken Kategori:Syria i antikken Kategori:Israel og Judea i antikken