mini|Skedsmo prestegard. Historielaget held til i forpaktarbustaden til venstre. mini|Skedsmo prestegard ved sida av kyrkja Skedsmo prestegard eller Skedsmovollen gard ligg like sørvest for Skedsmo kyrkje, på den andre sida av Vestvollveien.

Opphavleg var HusebyLokalhistoriewiki — der det no er bygdemuseum — prestegard i Skedsmo, men Skedsmovollen gard vart kjøpt inn til slik bruk i 1883Sjå òg Skedsmobladet om den tidlegare historia til garden.. Hovudbygningen er frå 1860 og vert brukt som prostebustad. Han vart restaurert i 2011 er framleis eid av Opplysningsvesenets fond. Derimot er forpaktarbustaden frå 1700-talet (som har hatt fleire bruksføremål) og stabburet frå 1800-talet no eigde av Skedsmo historielagSjå t.d. Lokalhistoriewiki om historielaget, som er tilslutta Romerike historielag.. Den tidlegare forpaktarbustaden vert no kalla Historielagets hus.

Ein rideskole var i ei årrekkje knytt til prestegardsstallen, men vart lagt ned i 2006. I området er det elles registrert over 40 gravhaugar frå jarnalderen.Lokalhistoriewiki

Fotnotar

Kjelder Opplysningsvesenets fond

Bakgrunnsstoff

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Lillestrøm Kategori:Byggverk i Lillestrøm