Gjensidig forståing er ein slik nærleik mellom to eller fleire språk eller dialektar at talarane av dei kan forstå einannan utan å anstrengje seg eller få ytterlegare opplæring. Den gjensidige forståinga kan vere asymmetrisk når brukarar av det eine språket kan forstå brukarar av det andre lettare enn omvendt. Saman med ei rekkje sosiolingvistiske faktorar er den gjensidige forståinga eit av kriteria som tillèt å skilje mellom eit språk og ein dialekt. Ho kan vere avgrensa til skriftspråket som i portugisisk og spansk – sjølv om skriftlege standardmålformer av desse to språka er veldig like, møter munnleg komunikasjon vanskar på grunn av forskjellige fonetiske system. Indre utviklingar i laupet av språkhistoria kan òg hindre ho som i dansk og svensk, som tillét mykje høgare grad av gjensidig forståing i mellomalderen i forhold til situasjonen i dag. Den gjensidige forståinga opptrer mellom mange språk i verda og er ofte knytt til eit dialektkontinuum mellom dei.
Døme på gjensidig forståelege språk afrikaans og nederlandsk — delvis og asymmetrisk (lettare for nederlandsktalande å forstå afrikaans enn omvendt dansk, norsk og svensk - asymmetrisk og hovudsakleg i skrift slovakisk, tsjekkisk og polsk – fyrste to i veldig stor grad med einannan, med polsk delvis (avgrensa til grunnleggjande konsept) tyrkisk, aserbajdsjansk, krimtatarsk og gagausisk — asymmetrisk tysk og jiddisk – berre i tale på grunn av bruk av forskjellige skriftsystem.
Referansar
Kategori:Lingvistikk