Tallinn (eldre Lindanäs; tysk og tidlegare svensk Reval ) er hovudstaden og den største byen i Estland med eit folketal omkring 460 000. Byen ligg heilt nord i landet ved Finskebukta. Namnet på estisk språk er ei samandraging av Taani linn, noko som tyder «danskeborga» eller «den danske byen». Reval er det tradisjonelle tyske og svenske namnet, men etter kvart er Tallinn mest bruka. I samband med andre verdskrigen vart svenskane og tyskarane tvinga til å flytta ut av landet. Andre historiske namn er mellom anna Koluvan, Lindanise, Lindanisa (Lindanäs), Revalia, Revel, Reveln, Räffle og Tallin.

Gamlebyen i Tallinn vart i 1997 teken med på verdsarvlista til UNESCO.

Namn Namnet «Tallinn(a)» har bakgrunn i estisk, men den opphavlege tydinga til ordet er debattert. Den mest brukte forklaringa er at ordet stammar frå Taani-linn(a), som på estisk tyder Danskebyen. Men ordet kan òg kome av tali-linna (Vinterbyen) eller talu-linna (Husbyen).

Endinga -linna tydde, likt -burg på tysk og -grad på slavisk, opphavleg festning, men er i dag brukt som ending i bynamn.

Tallinna avløyste det tidlegare offisielle tyske namnet Reval i 1918, då Estland fekk sjølvstende frå Russland. I byrjinga på 1920-åra vart namnet på byen endra frå Tallinna til Tallinn.

Historiske namn Det tyske og svenske namnet Reval (Latin: Revalia, gammalsvensk: Räffle) oppstod på 1200-talet ut frå det estiske fylket Rävala. Andre kjende historiske namn på Tallinn er Lindanise (sjå slaget ved Lyndanisse), Lyndanisse på dansk, Lindanäs på svensk, på gammalt austslavisk, Kesoniemi på finsk og Kolyvan (Колывань) og Ledenets på gammalt austslavisk.

Legenda bak namnet Reval mini|Eit av mange forsvarstårn i Tallinns bymur

Eitt av forsvarstårna i bymuren som går rundt gamlebyen i Tallinn heiter Kiek in de Kök (lågtysk for Ein kik inn på kjøkkenet). På tårnveggen er det ein skulptur som skildrar ei hjortejakt på Toompea (Domberg), og i følgje legenda var det denne hjortejakta som gav namn til Reval.

Den danske kong Valdemar II var på hjortejakt på Toompea då han fekk auge på ein kronhjort. Kongen likte dyret og gav ordre om at det skulle fangast levande. Uheldigvis for kongen stakk hjorten av og ramla ned frå ein klippe og brekte nakken. På tysk tyder Reh-fall hjortefall. Namnet Reval er ifølgje legenda utleia av Reh-fall.

Historikarane trur ikkje på legenda - dei kan fortelje at namnet Revel kjem frå det gamle estiske fylkesnamnet Revalia. Det finst mange nedteikningar av namnet Reval frå tida før den danske kongen første gong vitja Estland i 1219.

Historie Sørkysten av Finskebukta har truleg vore busett av stammer som snakka austersjøfinsk frå omkring 1000-talet fvt..

I 1154 førte den arabiske kartografen al-Idrisi Tallinn inn på eit verdskart som han teikna på oppdrag frå kong Roger II av Sicilia.

Slaget ved Lyndanisse og påfølgjande dansk styre mini|Tallinns store våpenskjold, som stammar frå Valdemar II.

Som ei viktig hamn for handel mellom Russland og Skandinavia vart Tallinn sentral i ekspansjonsplanane til Den tyske riddarordenen og Danmark under Dei nordlege krosstoga på byrjinga av 1200-talet. På denne tida vart kristendommen innført i Estland.

Etter å ha samla ein særs stor hær drog kong Valdemar II av Danmark mot Estland med 1 500 langskip i eit krosstog mot det danskane såg på som dei heidenske estlendarane. Flåten nådde den nordlege provinsen Revele i Estland i byrjinga av juni 1219. Med i flåten var, utover kongen, erkebiskop Anders Sunesen og biskop Theoderik av Estland. I hæren var òg fleire av kongen sine vasallar, tyskarar under grev Albert og sorbarar under Vitslav I av Rügen.

Krossfararane slo seg ned ved Lyndanisse (i dag Tallinn) og byrja å byggje ei borg, «Castrum danorum», som seinare på estisk vart kalla Tallinn, danskeborga. Under bygginga av borga kom fleire estiske forhandlarar på vitjing for å trekke ut tida, medan dei sjølve samla hæren sin. mini|Dannebrog fell ned frå himmelen under slaget ved Lyndanisse

Kvelden 15. juni 1219 gjekk estlendarane til åtak på danskane og deira allierte frå fem kantar, i det som i dag er kjend som slaget ved Lyndanisse. Biskop Theoderik vart drepen av estlendarane som trudde dei hadde drepe kongen. Alt tydde på eit katastrofalt nederlag for krossfararane, men sorbarane vart ikkje oppdaga av den estiske åtaksstyrken. Vitslav gjennomførte eit raskt motåtak som stansa den estiske framrykkinga. Dette gav resten av krossfararane tid til å samle seg og omgruppere før dei i fellesskap klarte å drive den estiske hæren på flukt. Tallinn og store delar av det som i dag er Estland vart etter dette underlagt Danmark.

Ifølgje segna knelte erkebiskop Anders Sunesen i bønn på ein bakketopp under slaget. Når han strekte armane mot himmelen, rykte danskane fram, når han vart trøytt og tok armane ned att, trekte dei seg attende. Hjelparar kom til for å støtte den gamle erkebiskopen sine armar. Då kampen var på sitt mest intense, sende Gud hjelp i form av eit flagg som fall ned frå himmelen. Flagget var raudt med ein kvit kross. Dette oppmuntra dei danske soldatane ytterlegare og dei vann ein stor siger. Kong Valdemar kunngjorde at det krossflagget som gav danskane sigeren heretter skulle vere det danske flagget, i dag kjend som Dannebrog.

På 1200-talet tillét den danske kongen bystyret i Reval (som byen den gongen heitte) å nytte det personlege våpenskjold hans, tre blå løver med kroner på gyllen bakgrunn.

Hansaforbundet og tysk dominans I byen vart det stort sett snakka tysk, og tysk var det offisielle språket, men estisk kultur vart teken vare på, fortrinnsvis av bønder utanfor bymurane. Frå 1285 var byen medlem av Hansaen, ein handelsorganisasjon med utspring i den tyske byen Lübeck på 1200-talet.

I 1343 var det eit opprør mot kyrkja, og danskane selde Tallinn saman med sine andre fastlandseigedomar i Nord-Estland til Den tyske riddarordenen. Dette innleia ein langvarig tysk dominans.

Etter den livlandske krigen mellom Russland, Polen og Sverige, kapitulerte Tallinn for Sverige i 1561. Byen vart verande svensk i nærare 200 år. Den svenske perioden vert av estlendarane omtalt som «den gode, gamle svensketida».

Den store nordiske krigen mini|venstre|Peter I av Russland erobra Tallinn frå svenskane i 1721. Måleri frå 1838 av Hippolyte Delaroche.

Dei svenske troppane stasjonert i Tallinn kapitulerte under Den store nordiske krigen og overgav byen til Russland under freden i Nystad 30. august 1721. Medan svenskane hadde søkt å avgrense påverknaden frå tyskarane, gjenoppretta den russiske tsaren Peter I alle dei tyske privilegia.

Estland får sjølvstende i 1918 Den 24. februar 1918 proklamerte Estland seg sjølvstendig med Tallinn som hovudstad, og det gamle våpenskjoldet frå Valdemar II si tid vart innført som statens nasjonalsymbol. Sjølvstendetida vart etterfølgt av ein tysk okkupasjon og ein frigjeringskrig mot Russland. Den 2. februar 1920 inngjekk Estland ein fredsavtale med Sovjetunionen i Tartu, der Russland for alltid lovde å godkjenne sjølvstendet til Estland.

Andre verdskrigen Under den andre verdskrigen vart Estland først okkupert av Sovjetunionen i 1940-41, så av Tyskland 1941-44 og igjen av Sovjetunionen i 1944. Estland vart etter krigen var slutt annektert av Sovjetunionen og Tallinn vart hovudstad i den estiske sosialistiske sovjetrepublikk. Under sovjettida vart det gamle våpenskjoldet forbode, men det vart gjeninnført som nasjonalsymbol ved sjølvstendet i 1990.

Estland sitt sjølvstende i 1991 mini|Songar av den estiske poeten Johann Voldemar Jannsen vart sunge under Den syngande revolusjonen. Songen hans Mu isamaa, mu õnn ja rõõm vart Estlands nasjonalsong både ved sjølvstendet i 1920 og 1991.

Estland har sidan 1869 arrangert nasjonale songfestivalar. Her kombinerer dei mange av dei estiske song- og musikktradisjonane med nasjonale songar. Songfestivalen har gjennom sin 130 år lange historie fungert som estisk nasjonal opposisjon mot tsarherredømet og sovjetstyret, feira estisk sjølvstende (1920-1940 og 1991-) og har vore ein arena for estisk nasjonalisme og songtradisjonar.

Den estiske lausrivingsprosessen frå Sovjetunionen vert kalla Den syngande revolusjonen, og den første protestperioden vart mellom anna utløyst av Tsjernobylulykka og sovjetiske planar om massiv utnytting av dei estiske fosforittfunna. Glasnost gjorde det mogeleg å vise ein fjernsynsserie som opna augo på folk for kva sovjetisk styre hadde tydd i form av rovdrift og forureining. Det oppstod ønske om å få kontroll over eigne ressursar.

Den syngande revolusjonen starta i samband med nattsongfestivalen i Tallinn sommaren 1988, då sovjetpatriotiske songar i løpet av natta vart bytta ut med forbodne songar med nasjonalt innhald. I september same året vart ein ny songfestival arrangert, og ytringsfridomen vart strekt enno meir. I 1990 song 30 000 korsongarar for 450 000 tilhøyrarar i parken Lauluväljak. Den syngande revolusjonen varte i fire år, til Estland oppnådde sjølvstende i 1991.

Tallinn i dag Utanom danske og tyske innslag, ber Tallinn òg preg av at han har vore underlagt Sverige og Russland. Tsaren bygde m.a. Alexander Nevskij-katedralen, til minne om ein person som estlendarane ser på som ein undertrykker.

I dag utgjer Tallinn eit dynamisk vekstsenter i Austersjøregionen, og byen har på mange måtar greidd omveltingane som følgde Sovjetunionens fall på ein relativt vellukka måte.

Politikk Tallinn vert styrt etter ein parlamentarisk styringsmodell. Dette inneber at eit byråd (ei byregjering) står ansvarleg overfor bystyret, på same måte som ei regjering står ansvarleg overfor nasjonalforsamlinga. (Oslo og Trondheim vert styre etter same prinsipp).

Bystyret er det øvste organet i Tallinn og vert valt for fire år. Bystyret vert leia av ordføraren i Tallinn.

Byrådet er regjeringa i Tallinn og har sju medlemmer, byrådsleiaren og seks byrådar.

Administrative bydelar Tallinn er inndelt i åtte administrative bydelar (estisk linnaosad, eital linnaosa).

Mustamäe vest i byen er eit høghusområde, hovudsakleg bygd i sovjettida. Den tekniske høgskulen og ei veksande teknologipark ligg i bydelen.

Pirita heilt i aust er eit fritids- og villaområde. Her ligg gjestehamna i byen, den største badestranda, den botaniske hagen og fleire parkar. Elva Pirita jõgi, som er den største i området, går gjennom bydelen

BydelArealFolketak Haabersti 18,6 km² 35 000 Kesklinn 28,0 km² 34 985 Kristiine 9,4 km² 27 531 Lasnamäe 30,0 km² 108 644 Mustamäe 8,0 km² 62 219 Nõmme 28,0 km² 35 043 Pirita 18,7 km² 8 507 Põhja-Tallinn 17,3 km² 52 573

Folketalsutvikling mini|Rådhuset i Tallinn (Raekoda) Tallinn har om lag 400 000 innbyggjarar.

År Folketal (registrert) 13723 250 17726 954 181612 000 183415 300 185124 000 188145 900 189758 800 1925119 800 1959283 071 1989478 974 1996427 500 2000 340 000 2007399 096

I følgje Eurostat, EU sitt statistikkbyrå, er Tallinn den hovudstaden i unionen som har den største delen av ikkje-EU-borgarar. 27,8 % av innbyggjarane kjem frå land utanfor EU, dette skuldast hovudsakleg immigrasjon frå andre sovjetrepublikkar under den sovjetiske perioden (1944-1991). Mange av desse immigrantane og etterkomarane deira kvalifiserer ikkje til estisk statsborgarskap.

Ifølgje Estland sitt offisielle statistikkbyrå utgjer estlendarar 53,7 % av folketalet i Tallinn i 2006, medan etniske russarar utgjer 36,5 %.

Geografi mini|Kart over Estland med Tallinn si plassering på den sentrale nordkysten.

Tallinn ligg på sørsida av Finskebukta i det nordlege sentrale Estland.

Tallinn sin største innsjø er Ülemistesjøen (9,6 km²), og er den største drikkevasskjelda i byen. Harkusjøen er den nest største innsjøen i Tallinn og er på 1,6 km². Ulikt mange andre byar, er den einaste viktige elva i Tallinn kommune i Pirita, som er ein forstad til byen

Tallinn sitt høgaste punkt er 64 moh og ligg i Nõmme, i den sørvestlege delen av byen.

Kystlinja er 46 km og omfattar tre halvøyar: Kopli, Paljassaare og Kakumäe.

Økonomi