Hadidah (arabisk حديدة, òg skrive Hadideh) er ein by nordvest i Syria i Homs guvernement, vest for Homs og like aust for grensa til Libanon. Av stader i nærleiken finn ein Liftaya i søraust, Khirbet al-Hamam i aust, Shin i nord, al-Mazinah og al-Huwash i nordvest, og al-Zarah og Talkalakh i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Hadidah eit folketal på 2 544 i 2004. Han er det administrative senteret i Hadidah nahiyah («underdistrikt») som består av 27 stader med eit samla folketal på 25 998 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. Innbyggjarane i byen er hovudsakleg alawittar.Smith, 1841, s. 181.Conder, 1889, s. 52.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hadidah» frå , den 10. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Talkalakh-distriktet Kategori:Byar i Syria