mini|Piraja Piraja er ei fellesnemning for fleire søramerikanske ferskvassfiskar i karpelaks-familien med markerte, skarpe tenner. Dei er normalt frå 15 til 25 centimeter lange. Navnet «piraja» kjem via spansk piraña eller portugisisk piranha frå tupi-guarani der pirá betyr 'fisk' og sanha eller ranha betyr 'tann'.

Pirajaer lever i elver i Sør-Amerika. Hovudsakleg finst fiskane i Amazonas og i elver i Guyana og Paraguay. Arten Pygocentrus piraya lever i elva Rio São Fransisco i Brasil. Dei lever stort sett av frø og plantemateriale, og som predatorar og åtseletarar på insekt og andre fisk.

Nokre av fiskane kan gå til åtak på menneske. Dei har eit ufortent rykte på seg for å vera menneskeetarar, sjølv om visse territorielle artar kan angripa badande menneske for å forsvara territoriet sitt, særleg når vasstanden er låg. lay summary . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia

Vandrehistorier om piraja seier at nokre av dei (Pygocentrus nattereri) kan eta alt kjøtet av eit stort dyr, som kveg eller menneske, på nokre sekund. Den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt skildra fisken som særs blodtørstig og farleg etter å ha vitja Brasil i 1913, og vore vitne til at fiskar som var blitt fanga i eit lite område i fleire dagar av lokale fiskarar beit sund i ei ku som blei dytta oppi vatnet. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Ei anna vandrehistorie frå Brasil fortel at fiskane stimer raskt gjennom elvene og går til åtak på det første kveget som går i vatnet, slik at resten av bølingen kan gå trygt over. Denne åtferda blei funnen å ikkje stemma av forsking utført av Helder Queiroz og Anne Magurran i Biology Letters.

Piraja som blodtørstige fiskar er blitt skildra i fleire filmar, som James Bond-filmen You Only Live Twice frå 1967, Piranha frå 1978, Piranha II: The Spawning frå 1981 og Piranha 3D frå 2010.

Seks piraja-slekter Pygocentrus (ekte pirajaer) med 3 ulike artar: Pygocentrus cariba, Pygocentrus nattereri og Pygocentrus piraya. Serrasalmus (pirambebaer) har meir enn 20 artar. Pristobrycon, 5 artar Pygopristis Catoprion Citharinus

Kjelder

«Piraja» (14. juni 2012), Store norske leksikon. Henta 9. mai 2014.

Denne artikkelen bygger på «Piraya» frå , og «Piranha» frå den 9. mai 2014.

Bakgrunnsstoff Tree of Life: Characiformes Besøkt 28. september 2007 piranha-info.com Studie: Pirayaer er ikke utelukkende kjøttetende

Kategori:Karpelaksfamilien Kategori:Dyr i Sør-Amerika Kategori:Akvariefisk Kategori:Tupianske ord og uttrykk