Tilt er det tolvte studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut den 8. mai 1995 og nådde 27. plassen på UK albums chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Albumet var det første Walker gav ut på elleve år.
Walker skreiv songar for albumet mellom 1991 og 1992 utanom «Manhattan», som vart skriven i 1987, og den siste songen «Rosary», som vart skriven i 1993. Albumet vart spelt inn i RAK Recording Studios og Townhouse Studios i Storbritannia og var venta å kome ut så tidleg som i 1992 men var ikkje ferdig før 1995. Albumet var den første av ein «trilogi» som fortsette med The Drift (2006) og Bish Bosch (2012).http://www.guardian.co.uk/music/2012/nov/23/scott-walker-interview
Detaljar Songane på albumet har ei naken, aude gravferdsstemning. Tekstane er fulle av mystiske indikasjonar og vanskelege ordspel. Som det førre albumet til Walker, Climate of Hunter (1984), kombinerer Tilt element av industriell musikk med europeisk avant-garde og eksperimentell musikk.
Komposisjonane legg vekt på abstrakt atmosfærisk støy over harmoniske strukturar, med minimalistiske, lett disharmoniske «lydblokker» og transeliknande repetisjonar utført gjennom forsiktig nyansert instrumentering og forsiktige lydeffektar. Stemma til Walker gjev gjenklang i eit hult ekko og får ein stemningsskapande, fjern og ulukkeleg kvalitet, som ein kritikar omtalte som «Samuel Beckett på La Scala».
Opningssporet «Farmer in the City» har undertittelen «Remembering Pasolini». Eit par av tekstane er henta frå den engelske omsetjinga til Norman Macafee av Pier Paolo Pasolini-diktet «Uno dei Tanti Epiloghi» («Ein av mange epilogar»), som vart skriven i 1969 for venen og protesjeen til Pasolini, skodespelaren Ninetto Davoli. Gjennom songen syng Walker "Do I hear 21, 21, 21...? I'll give you 21, 21, 21...", som kan vere ein referanse til alderen til Davoli då han vart innkalla til (og deserterte frå) den italienske hæren.
Teksten til «The Cockfighter» inneheld «utdrag henta frå rettssaka til dronning Caroline og rettssaka til Adolf Eichmann». «Bolivia '95» er visstnok ein song om søramerikanske flyktningar.
I tillegg til kjernen av musikarar som speler vanlege rockeinstrument, medverkar òg strykarar frå Sinfonia of London og kyrkjeorgelet i Methodist Central Hall, som vart arrangert og dirigert av Brian Gascoigne.
Innhald
Medverkande Musikarar Scott Walker – vokal Ian Thomas – trommer John Giblin – bass Brian Gascoigne – klaverinstrument David Rhodes – gitarar
Andre musikarar «Farmer in the City» Strykarar Sinfonia of London, arrangert og dirigert av Brian Gascoigne Elizabeth Kenny – chittaroni Roy Carter – obo
«The Cockfighter» Hugh Burns – gitar Alasdair Malloy – perkusjon Louis Jardim – perkusjon Andrew Cronshaw – Blåseinstrument og treblåseinstrument Brian Gascoigne – Celeste og orgel frå Methodist Central Hall
«Bouncer See Bouncer...» Jonathan Snowden – fløyter Andy Findon – bassfløyte Jim Gregory – bassfløyte Roy Jowitt – klarinett Roy Carter – obo Brian Gascoigne – Orkestrering Peter Walsh – Prog basstrommer
«Manhattan» Alasdair Malloy – perkusjon Louis Jardim – perkusjon Brian Gascoigne – Orgelet frå Methodist Central Hall Andrew Cronshaw – Concertina
«Face on Breast» Ian Thomas – «basstromme på fanget og trommer på ein gong» Colin Pulbrook – Hammondorgel Scott Walker og Peter Walsh – Plystring
«Bolivia '95» Hugh Burns – gitarar Alasdair Malloy – perkusjon Louis Jardim – perkusjon Andrew Cronshaw – Ba-wu-fløyte Greg Knowles – Cimbalom
«Patriot (a single)» Strings of Sinfonia of London, dirigert av Brian Gascoigne Jonathan Snowden – Piccolo John Barclay – trompetar Ian Thomas – Militærbasstromme og cymbalar
«Rosary» Scott Walker – gitar
Promosinglar Det vart gjeve ut to promosinglar på CD for å marknadsføre Tilt på radio og plateforetningar. Desse inneheldt nedkorta versjonar av songane frå Tilt.
Scott 1 (Fontana - EEFR 1) «Patriot (a single)» (Edit) – 4:40 «The Cockfighter» (Edit) – 4:07
Scott 2 (Fontana - EEFR 2) «Tilt» (Edit) – 4:38 «Farmer in the City» (Edit) – 4:37
Lister Liste PlasseringUK Albums Chart 27
Bakgrunnsstoff Scott Walker-intervju - The Wire, mai 1995
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tilt (Scott Walker album)» frå , den 3. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Scott Walker-album Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:Eksperimentelle rockealbum Kategori:Fontana Records-album