The Moviegoer er det sjuande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut i oktober 1972, men selde dårleg. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet, men «This Way Mary» vart seinare gjeve ut som B-sida til singelen «The Me I Never Knew» i 1973. Albumet består utelukkande av songar frå filmar tidlegare spelt inn av andre artistar.
Albumet var det første av seks studioalbum der Walker ikkje skreiv nokre av songane. Walker mista den kreative kontrollen over musikken sin etter at dei to førre albuma Scott 4 og 'Til the Band Comes In selde dårleg, og Walker vart bede om å spele inn eit «harmlast, venleg album som lett kunne marknadsførar og seljast». Walker fekk likevel velje ut songane til albumet og henta dei frå favorittfilmane sine.
Albumet vart raskt sett saman hausten 1972 med dei vanlege studiomusikarane til Walker, som bestod av produsenten Johnny Franz og lydteknikaren Peter J. Olliff. Nytt for dette albumet var at Robert Cornford vart henta inn til å gjere orkesterarrangementa. Trass i at ein prøvde å gjere albumet meir kommersielt fekk det dårleg kritikk då det kom ut i oktober 1972. Albumet vart gjeve ut på ny i 1974 på Contour med nytt plateomslaget. Albumet har sidan blitt sletta og ikkje gjeve ut på nytt. Ein trur det kjem av at Walker var misnøgd med albumet. Dei fleste av songane er likevel gjevne ut på samleplatene 5 Easy Pieces (2003) og Classics & Collectibles (2005). «Glory Road», «The Summer Knows» og «The Ballad of Sacco and Vanzetti» finst på 5 Easy Pieces (2003), medan «Loss Of Love», «Come Saturday Morning», «That Night», «This Way Mary», «A Face In The Crowd», «Speak Softly Love», «Easy Come Easy Go» finst på samlinga Classics & Collectibles. Berre «Joe Hill» og «All His Children» er ikkje gjeve ut på ny.
Mottaking
Som dei fleste albuma til Walker i 1970-åra, fekk The Moviegoer dårleg kritikk då det kom, men kritikken har blitt mildare med åra. I Walker-biografien A Deep Shade of Blue, tilrådar Mike Watkinson og Pete Anderson albumet berre til dei største tilhengjarane av Scott Walker, men omtalar «The Ballad of Sacco and Vanzetti» som det utvilsame høgdepunktet med ei Spaghetti Western-kjensle som minna om «The Seventh Seal» frå Scott 4.
Stephen Thomas Erlewine skriv på Allmusic om The Moviegoer at det var «harmlaus pop levert utan at Scott hadde lagt sjela si i det».
Innhald
Medverkande Scott Walker – vokal Johnny Franz – produsent Peter J. Olliff – lydteknikar Robert Cornford – Orkesterdirigent
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Moviegoer (album)» frå , den 2. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Scott Walker-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Philips Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Johnny Franz