«Halo, halo» (serbokroatisk «Хало, xало», serbokrotisk for Hei, hei) er ein singel av Aska. Songen er skriven av Aleksandar Ilić og Miro Zec.

Eurovision Jugovizija 1982 12. mars 1982 arrangerte Jugoslavenska radiotelevizija Jugovizija 1982, den jugoslaviske uttakinga til Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia, i eit fjernsynsstudio i Ljubljana. «Halo, halo» vart framført på serbokrotisk av Aska, og vann til slutt tevlinga med 60 poeng.

Eurovision Song Contest 1982

Etter sigeren i Jugovizija 1982 fekk «Halo, halo» representere Jugoslavia i Eurovision Song Contest 1982. Òg her vart bidraget framført på serbokroatisk av Aska. I finalen enda Jugoslavia på 14. plass med 21 poeng; tolv frå Sverige, fire frå Tyrkia, tre frå Danmark og eitt frå Belgia og Kypros. Dirigenten var Zvonimir Skerl.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Halo, halo» frå , den 21. april 2014.

Kategori:Eurovision Song Contest 1982-songar Kategori:Jugoslaviske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Serbokroatiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Aska-songar Kategori:Songar skrivne av Aleksandar Ilić Kategori:Songar skrivne av Miro Zec