Melanitta (engelsk scoters) er ei biologisk slekt av tettvaksne dukkender. Fjørdrakta åt andrikene er hovudsakleg svart og har oppsvulma nebbrot. Hoene er brune.
Dei hekkar i lengst nord i Europa, Asia og Nord-Amerika, og overvintrar lengre sør i tempererte soner av desse kontinenta. Dei dannar store, tette flokkar i eigna kystfarvatn, og fuglane har ein tendens til å ta av saman når dei startar ei flyging.
Det fôra reiret deira er lagd på bakken i nærleiken av sjøen, vatn eller elver, i skog eller på tundra. Desse artane dukkar etter krepsdyr og blautdyr.
Artslista Melanitta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.14 frå august 2019 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Brilleand, Melanitta perspicillata, Surf Scoter, Linné, 1758, (LC) Sjøorre, Melanitta fusca, Velvet Scoter, Linné, 1758, (VU) Knoppsjøorre,Namn frå Syvertsen 2014 Melanitta deglandi, White-winged Scoter, Bonaparte , 1850, (LC) manglar norsk namn, Melanitta stejnegeri, Stejneger's Scoter, Ridgeway, 1887, (LC) Svartand, Melanitta nigra, Common Scoter, Linné, 1758, (LC) Amerikasvartand, Melanitta americana, Black Scoter, Swainson, 1832, (NT)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Melanitta» frå , den 12. april 2014. Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:andefamilien Kategori:Fugleslekter