Trengereid kapell tidlegare Trengereid bedehuskapell er eit kapell frå 1963 på Trengereid i Bergen kommune, Hordaland fylke. Den er annekskyrkje i Arna sokn, Åsane prosti i Bjørgvin bispedømme.
Kapellet vart opphavleg reist som bedehus og vigsla til kyrkjeleg bruk i 1967. Byggverket er i betong kledd med eternit. Kapellet fekk eit frittståande klokketårn i samband med vigslinga i 1967.
Inventaret er enkelt og i furu. Kapellet har eit harmonium frå Vestres orgelfabrikk.
Trengereid kapell vart avvigsla ca. 2012, og er no ein del av Trengereid oppveksttun, avdeling barnehage.
Kjelder
Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Norske kyrkjer frå 1963 Kategori:Arna