Jordskjelvet i Antioka i 115 skjedde den 13. desember 115 evt. Det hadde ein estimert styrke på 7,5 overflatebølgjemagnitude og ein estimert maksimum intensitet på XI (ekstrem) på Mercalli-skalaen. Antiokia og dei kringliggande områda vart lagt i grus med store tap av liv og verdiar. Det utløyste ein lokal tsunami som øydela hamna i Caesarea Maritima. Den romerske keisaren Trajan vart råka av jordskjelvet, og det same vart etterfølgjaren hans Hadrian. Dei kom unna med små skadar og starta seinare gjenoppbygginga av byen.
Øydeleggingar Ei forteljing om jordskjelvet vart skriven av Cassius Dio i hans Romersk Historie. Han skildrar Antiokia på den tida som tett folkesett med soldatar og mange sivile som hadde kome frå alle delar av rike, fordi Trajan overvintra der. Jordskjelvet byrja med ein høg, buldrande lyd, etterfølgd av intense ristingar. Store tre vart kasta opp i lufta, og det same vart mange innbyggjarar, noko som skapte store skadar. Store folkemengder omkom av fallande byggverk, og mange vart innesperra. Etterskjelva som følgde i fleire dagar tok livet av mange overlevande, medan andre som var innesperra svelt i hel. Trajan klarte å kome seg unna huset han budde i gjennom eit vindauge og fekk berre mindre skadar. På grunn av faren for etterskjelv, flytta han følgjet sitt til den opne hippodromen.
Byen Apamea vart òg øydelagd av jordskjelvet og Beirut fekk mindre skadar. Tsunamien som vart utløyst av jordskjelvet råka kysten av Libanon, særleg Caeserea og Yavneh. Hamna i Caeserea Maritima vart truleg øydelagd av tsunamien, ei tolking basert på datering av eit halvmeter tjukk tsunamiavleiring funnen utanfor hamna.
Opphavet til dødstalet på 260 000 er uvisst, og verkar berre å finnast i katalogar som er kring hundre år gamle.
Etterverknad Oppbygginga av Antiokia vart starta av Trajan, men verkar å ha blitt fullført av Hadrian. Trajan fekk reist ein kopi av Tyche av Eutychides ved det nye teateret, til minne om gjenoppbygginga av byen. Nesten all mosaikk som er funnen i Antiokia er datert til etter jordskjelvet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «115 Antioch earthquake» frå , den 31. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Casio Dio, Roman History, Book LXVIII, Section 24-25, skildring av jordskjelvet i Antiokia.
0115 Antiokia 0115 Antiokia Antiokia Antiokia Kategori:Antiokia