Corinne Niogret () er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Nantua i departementet Ain. Ho vart verdsmeister på 15 km i 1995 og i 2000, tidlegare hadde ho i 1992 med Frankrike vunne OL-gull i 3x7,5 km stafett og i 1993 VM-gull i lagøvinga. I perioden 1992-2001 fekk Niogret fire gull-, seks sølv- og sju bronsemedaljar i ulike olympiske leikar og verdsmeisterskap i skiskyting.
Aktiv Niogret debuterte i verdscupen i skiskyting i 1988. Den fyrste meisterskapsmedaljen fekk ho på heimegrunn under vinter-OL i Albertville i 1992, der det franske laget vann gull i 3x7,5 km stafett. Vinteren etterpå tok det franske kvinnelaget VM-gull i lagøvinga og sølv på stafetten. I 1994 tok Frankrike, også då med Niogret på laget, bronse både på stafetten under OL på Lillehammer, og i lagøvinga under skiskytings-VM 1994 i Canmore.
Under VM 1995 i Antholz tok Niogret sine fyrste medaljar i individuelle tevlingar. Ho vann normalprogrammet over 15 km og tok bronsen på 7,5 km sprint, medaljehausten vart komplett då Frankrike fekk sølv på 4x7,5 km stafett. Og så fekk ho attpåtil bronse i lagøvinga. I 1996 kopierte franske lag medaljehausten frå 1995 under VM i Ruhpolding, der Niogret deltok på begge laga.
Niogret vann tre nye VM-medaljar i 1998 og -99. Under VM 2000 i Oslo tok ho sitt andre VM-gull på 15 km, fem år etter det fyrste. Ho fekk elles bronsemedaljen på 12,5 km fellesstart. I 2001 fekk ho si 15. og siste VM-medalje, einast norske Liv Grete Poiree passerte målstreken før henne på jaktstarten i Pokljuka.
I løpet av karrieren vann Niogret åtte renn i verdscupen. Beste samanlagtplasseringa oppnådde ho i 2000, då ho hamna på tredjeplass.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Skiskyting under vinter-OL 1992 i Albertville: Gullmedalje i stafett VM i skiskyting 1993 i Borovets: Gull i lagøvinga, sølv på stafetten Skiskyting under vinter-OL 1994 på Lillehammer: Bronsemedalje på stafett VM i skiskyting 1994 i Canmore: Bronsemedalje i lagøvinga VM i skiskyting 1995 i Antholz: Gull på 15 km, sølv i stafett, bronse på sprinten og lagøvinga VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding: Sølv i stafett, bronse i lagøving VM i skiskyting 1998 i Osrblie:Sølv på jaktstarten VM i skiskyting 1999 i Kontiolahti: Bronsemedalje på stafetten VM i skiskyting 1999 i Oslo: Sølvmedalje på 15 km VM i skiskyting 2000 i Oslo: Gull på 15 km, bronse på fellesstarten VM i skiskyting 2001 i Pokljuka: Sølv på jaktstarten
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1992 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1994 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004