Ted Joans () var ein amerikansk trompetar, jazzpoet og kunstmålar.

Han vart fødd som Theodore Jones på ein elvebåt i Cairo i Illinois. Joans gjennomførte kunstutdanninga si på Indiana University. Han kom seinare i hop med forfattarar i den såkalla beatgenerasjonen i Greenwich Village og San Francisco. Han var ven med beat-ikona Jack Kerouac og Allen Ginsberg. Måleriet Bird Lives heng på De Young Museum i San Francisco.

Joans var òg opphavet til legenda «Bird Lives» (norsk: «Bird lever») som grafitti i New York by etter Charlie Parker sin død i mars 1955.

Verk Funky Jazz Poems Beat Poems All of T.J. and No More The Truth The Hipsters A Black Pow-Wow Of Jazz Poems (1969) Afrodisia (1970) Razzle Dazzle (1980-talet)

Kategori:USA-amerikanske kunstmålarar Kategori:USA-amerikanske jazzmusikarar Kategori:USA-amerikanske diktarar Kategori:Afroamerikanarar Kategori:Folk frå Illinois