Calypso Cliffs er to markante klipper med ei høgd opp mot 850 moh. på sørsida av Mobiloilfjorden like vest for munningen av Cronusbreen, på austkysten av Den antarktiske halvøya. Dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Antarctic Service, 28. september 1940 og av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 22. desember 1947. Dei vart kartlagde av Falkland Islands Dependencies Survey i desember 1958 og vart namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee etter Calypso i gresk mytologi.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Calypso Cliffs» frå , den 10. februar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Klipper i Graham Land Kategori:Bowman Coast