Knutsufsene er fleire små klippeframspring 9 km aust for Deildegasten sørvest i Gruberfjella i Dronning Maud Land. Klippene vart først oppdaga og kartlagt frå flyfoto av Den tyske antarktisekspedisjonen i 1938–39, og kartlagt på ny frå flyfoto og landmålingar av den norske antarktisekspedisjonen i 1956–60. Dei vart kalla opp etter Knut Ødegaard, ein radiotelegrafist i 1958-59 med den norske antarktisekspedisjonen.
Kjelder
Kategori:Klippeformasjonar i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn