Oddernes kyrkje er ei langkyrkje i Kristiansand kommune i Agder.
Kyrkja vart truleg oppført på 1100-talet. Kjeldene er usikre, men ein trur kyrkja avløyste ei trekyrkje som kan ha vore oppført på 1000-talet. Før byen Kristiansand fekk si eiga kyrkje i 1645, var dette kyrkja også for det området som no er Kristiansand sentrum. Kvadraturen i Kristiansand ligg på grunn frå Oddernes gard. Det finst førkristne gravhaugar i området der kyrkja står.
Mellomalderdelen av kyrkja (koret og ein del av skipet) er av stein. Kyrkja var om lag 21 meter lang før ho vart utvida mot vest i 1630-åra. I 1699 kom tårnet og våpenhuset i vest av tre, slik at kyrkja no er om lag 37,5 meter lang. Sakristiet (av tre) nord for koret er frå 1828. Vindauga vart utvida på 1800-talet, og portalar frå mellomalderen er murt att.
Interiør og inventar Skipet har galleri i vest og nord. På galleribrystningane (i vest og nord) er det illustrasjonar i renessansestil frå forskjellige periodar. Brystningane har 44 rundbogar med bilete av profetar, apostlar og allegoriske figurar. Himlingen i skipet og koret har skymåling på himmelblå bakgrunn frå 1788.
Både altartavla og preikestolen er i svulmande akantusbarokk frå 1704. Stolen har evangelistbilete og eit kristusbilete, medan tavla har eit stort krossfestingsbilete i hovudfeltet.
Altartavla og preikestolen som stod i kyrkja før 1704, er overført til Herefoss kyrkje og Austad kyrkje i Setesdalen (den siste står no i bårehuset der).
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja. På nordsida er prestegarden. Eit stykkje nord for kyrkja er Oddernes kapell, som òg inneheld krematorium. Ved kapellet er hovudkyrkjegarden for Kristiansand by.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Agderkultur Kunsthistorie.com
Kategori:Kyrkjer i Kristiansand Domprosti Kategori:Kyrkjer i Kristiansand Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Kristiansand Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Agder