Britt Pernille Frøholm () er ein norsk folkemusikar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho er i dag busett i Berlin.

Frøholm er utdanna frå Ole Bull Akademiet (1998–2000), og ho har gått på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Ho har ein mastergrad i tradisjonsmusikk frå Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland (2006). Frøholm spelar fele og hardingfele, og har folkemusikktradisjonen frå heimbygda Hornindal som grunnlag. Ho har mellom anna gått i lære hjå Arne M. Sølvberg, Finn Vabø og bestefaren Matias Frøholm. I tillegg til ulike soloprosjekt, er Britt Pernille Frøholm med i m.a. gruppene Kviven duo og Friensemblet.

Diskografi 2000 Medverkar på Honndalstausene - Frie Former, Grappa Musikkforlag 2007 Friensemblet - Come Closer, Giraffa Records 2008 Britt Pernille Frøholm - For Allje Dei, Ta:lik 2008 LuckyLoop - Big, Fat and Beautiful, Grappa Musikkforlag 2008 Medverkar på Christian Borlaug, Austmannsspel- slåtter under Norefjell, Etnisk Musikklubb 2008 Medverkar på Folkelarm promoplate diverse artistar, Etnisk Musikklubb 2008 Medverkar på Ramstadlaget - I gamle spor, Lærdal Musikkproduksjon AS 2009 Friensemblet - Come Closer, Giraffa Records 2009 Frøholm/Tillung - EINS, Ta:lik**2010 Medvirkar på Busi Ncube-Salulandela, Etnisk Musikklubb 2012 Friensemblet - Undergroove, Giraffa Records* 2014 Friensemblet - El Aaiun-Across the border, Giraffa Records 2014 MAAR - Vrangsvevd, Ta:lik 2014 North Pole Experience - Land, Bislett Beats 2015 MAAR - Epleslang, Ta:lik 2016 Boreas - Ahoy Hoy, ISLE Music Scotland 2016 Mehmet Can Özer, Asure from the North 2017 Britt Pernille Frøholm - Nordfjord, Mere Records 2017 Poems for Hardanger Fiddle: Fragile, singel. Mere Records 2020 Britt Pernille Frøholm - Fokhaugen, Kviven Records 2020 Kviven duo - Kvakksalvar-Guri, Kviven Records 2021 Britt Pernille Frøholm feat. Sigurd Hole - Årringar, Kviven Records** Bakgrunnsstoff Nettstaden til Britt Pernille Frøholm Britt Pernille Frøholm Folkemusikk.no sin utøvarkatalog

Kategori:Folk frå Hornindal Kategori:Norske folkemusikarar