Åsa Jinder () er svensk riksspelman, nyckelharpespelar og komponist.
I 1979 vart Åsa Jinder den yngste riksspelmannen gjennom tidene. Året etter debuterte ho med LPen Åsa Jinder spelar nyckelharpa. I 1995 vann Åsa Jinder, saman med den norske gruppa Secret Garden, Eurovision Song Contest i Dublin med songen «Nocturne». Ho har saman med Susanne Alfvengren og Marianne Flynner skrive ein kamplåt til det svenske fotballandslaget og ho har også gjeve ut ein roman: Kärlek störst av allt, smärtsammast.
Frå 1994 vart Åsa Jinder politisk aktiv i det svenske partiet Socialdemokraterna.
Kategori:Svenske folkemusikarar Kategori:Svenske komponistar Kategori:Svenske politikarar Kategori:Eurovision Song Contest 1995-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar