Kilebygda kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1859 i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Gunnar Kongerød etter ei typeteikning av Christian H. Grosch.
Kyrkjegarden vart teken i bruk saman med kyrkja, men grunnen eignar seg ikkje særskilt godt til gravplass. I 1883 vart ny kyrkjegard ved Rognsbru, litt lengre sør, teken i bruk. Sidan er det fylt på jord ved kyrkja, og begge kyrkjegardane er i bruk i dag. Eit kombinert bårehus og servicebygg vart oppført i 1954.
Kjelder
Skien kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Solumkirkene
Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Skien Kategori:Christian H. Grosch Kategori:1859 i Noreg